Tru
Offerfunn
Oppgåver

Tru

Det er ikkje så mykje me veit om kva dei trudde på i bronsealderen. Men ein del funn er gjort som kan gje oss nokre idear.

I Danmark er det funne ein bronsefigur som er ei vogn trekt av ein hest, og bak på vogna står ein stor forgylt, rund plate. Dette trur arkeologane var eit symbol for sola.

Fleire solsymbol er funne på helleristningar, som her på steinen frå Kyrkjeeide. Me trur at sola vart dyrka som ein guddom i bronsealderen.

Me finn også andre symbol slik som båtar, økser, fotspor, avtrykk av hender, spiralar og sirklar og mange andre ting. Kanskje var dette bilete som vart brukte når dei tilba eller kalla på guddommane.