Bronsealder starta om lag 1800 før Kristus og går fram til 500 før Kristus. No finn me for fyrste gong bruk av metall her i landet. Bronse er ein blanding av kopar og tinn. Den fyrste bronsetinga kjem frå utlandet. Etterkvart lærer folk her hos oss å smelte bronse sjølve. I bronsealderen finn me framleis mykje reiskap av stein i bruk. Den kostelege bronsen gjer at samfunnet endrar seg. Det vert større skilnad på fattige og rike. Nokre vert stormenn eller høvdingar. Når stormenn døydde, vert store gravhaugar bygde. Dei har ofte rikt innhald som syner den rikdom og makt han som ligg gravlagd der hadde.

 

Busetnad Kva levde dei av? Menneske og samfunn Råstoff, reiskap, våpen og smykkeGravskikkTru