Eldre steinalder kallar me tida frå 9 000 år før Kristus og fram til 3200 år før Kristus. Dei aller eldste buplassane frå den tida er funne i Finnmark, i Rogaland og i Østfold. Hit til Vestlandet kom dei litt seinare, kanskje mellom 7000 og 7500 år før Kristus. Desse folka levde av jakt, fangst, fiske og sanking. Dei hadde gode klede av skinn og dei hadde rikeleg med mat. Dei kom seg raskt og lett omkring med båt eller kano eller ved å gå. Bustaden deira var telt eller lette hytter. Dei budde i familiegrupper som lett kunne flytte frå stad til stad etter viltet.

 

BusetnadKva levde dei av?Menneske og samfunnRåstoff, reiskap, våpen og smykkeGravskikkTru