Jernalder vert delt i ein eldre og ein yngre del. Eldre jernalder vert delt inn i førromersk tid, romartid og folkevandringstid.

Eldre jernalder startar 500 før Kristus og går fram til 500 etter Kristus. I jernalder lærte dei seg teknikken med å smi jern. Det vart ei stor og viktig hending. I denne perioden vert folka i landet vår meir og meir knytt til hendingar lenger sør i Europa. Romerske klede og skikkar, utstyr, våpen og smykke kom til å få stor innverknad på folka lenger nord også.

Yngre jernalder delast inn i merovingertid og vikingtid. Yngre jernalder startar kring 500 etter Kristus og går fram til om lag 1030. Merovingertida er perioden mellom 550 og 800 etter Kristus. Nye typar gjenstandar og nye mønstre på gjenstandane dukkar opp i Noreg på den tida.

 

Busetnad Kva levde dei av? Menneske og samfunn Råstoff, reiskap, våpen og smykke Gravskikk Tru

 

 

Til læraren
Det er utarbeida digitale materialkurs for nokre av periodane i jernalder. Desse er spesielt berekna på vaksne.

Førromersk jernalder
Romertid
Folkevandringstid

Kursa er laga ved Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen.