Land og by
Byar
Varer frå andre land
Gardar på landsbygda
Lurekalven i Nordhordland
Oppgåver

Busetnad.

Land og by

I mellomalderen vart det grunnlagt byar i Noreg. Kongen grunnla byane. Byane vart lagt i nærleiken av stader der det hadde vore busetting i lang tid.

Det fanst fire store byar i Noreg i mellomalderen. Det var Oslo, Tønsberg, Bergen og Trondheim. Den tida heitte dei Oslo, Tunsberg, Bjørgvin og Nidaros.

I mellomalderen var byane små i høve til i dag. I Bergen var sjølve byen berre ein liten kjerne kring hamneområdet.