Kongar i mellomalderen
Borgarkrig
Fredsame tider
Lover
Born i mellomalderen
Lova fortel!
Leiket°y
Svartedauden
Mange pestar
Rike og fattige
TrŠlar
Oppgåver

Menneske og samfunn

Kongar i mellomalderen

(sjå også Kongar i vikingtida)

Olav den Heilage Haraldsson
Olav var den fyrste kristne kongen. Han vart drepen i slaget på Stiklestad i 1030.

Magnus den Gode
Magnus var son til Olav den Heilage, og vart konge etter far sin. Han gjorde også krav på trona både i England og i Danmark, men den fekk han ikkje.

Harald Hardråde var halvbror til Olav den Heilage og altså halvonkel til Magnus den Gode. Han gjorde krav på den norske trona. Magnus den Gode måtte gå med på dette i 1046. Magnus døydde av sjukdom året etter.

Harald Hardråde
No var Harald Hardråde einekonge i Noreg i 19 år. Han gjorde også krav på den danske trona og gikk difor til åtak på Danmark. I 1066 gjekk han også til åtak på den engelske kongen i det store slaget ved Stamford Bridge. Her vart Harald drepen. Sjølv om den engelske kongen vann dette slaget kunne han ikkje glede seg lenge. Han vart drepen i slaget mot ein fransk hertug ved Hastings få dagar seinare.

Olav Kyrre og Magnus Haraldsson
No tok sønene til Harald Hardråde, Olav og Magnus, over trona i 1066. Magnus døydde i 1069. Då vart Olav einekonge. Olav var ein roleg og stillfaren mann. Difor vart han kalla Kyrre som tyder "den rolege". Han vart òg kalla Olav Bonde. Olav var den første norske kongen som kunne lese latin. I hans tid kom det nye motar til landet. Bergen vart grunnlagde. Olav døydde av sjukdom i 1093.

Magnus Berrføtt og Håkon Magnusson Torefostre
Magnus var son til Olav Kyrre, men han var ikkje så fredsam som faren. Håkon var son til Magnus Haraldsson. Han gjorde krav på trona, men vart drepen av Magnus sine menn i 1094. Magnus vart no einekonge.

Han gjekk til åtak på Sverige og drog to gonger mot England. Men etter slaget ved Stamford Bridge i 1066 hadde ikkje skandinaviske kongar noko makt der lenger.

Magnus var mest interessert i Skotland og Irland. På Orknøyane var det strid mellom jarlane Pål og Erlend. Magnus sette sonen sin, Sigurd Jorsalfar, til å styre på øyane. Elles la han under seg øyane Man og Sudrøyane. Men Magnus kriga vidare. Under eit røvartokt i Nord-Irland vart han lurt inn i bakhald av irane, og vart drepen i august 1103.

Sigurd Jorsalfar, Øystein Magnusson og Olav Magnusson
Dei tre sønene til Magnus Berrføtt vart no kongar etter far sin, men Olav døydde berre 17 år gamal. Kong Øystein gjorde mye for å utvikle Bergen. Han grunnla Munkeliv kloster og bygde ny kongsgard. Sigurd drog i korstog til Jerusalem, og vann stor respekt for det. Dei to var kongar saman til Øystein døde i 1123. Sigurd var då einekonge til sin død i 1130.