Kongar i mellomalderen
Borgarkrig
Fredsame tider
Lover
Born i mellomalderen
Lova fortel!
Leiketøy
Svartedauden
Mange pestar
Rike og fattige
Trælar
Oppgåver

Menneske og samfunn

Borgarkrig

Kong Sigurd Jorsalfar var einekonge i Noreg fram til han døydde i 1130. Sønene hans, Magnus og Harald, prøvde begge å bli konge etter han. Men dei kunne ikkje verte samde.

I 1134 braut det ut borgarkrig i landet på grunn av dette. Dei urolege tidene varte heilt fram til 1240. Det gjekk så lang tid fordi stadig nye menn kravde å verte konge fordi dei var etterkomar etter ein konge. Mykje vondt hende i denne tida. Sjølv om Håkon 4. Håkonson vart krona til konge i 1217, vart han ikkje godteken som konge før motstandaren hans, Skule Bårdsson, var død i 1240. Så vart Håkon 4. Håkonsson vigsla til konge av paven i 1247.