Kongar i mellomalderen
Borgarkrig
Fredsame tider
Lover
Born i mellomalderen
Lova fortel!
Leiketøy
Svartedauden
Mange pestar
Rike og fattige
Trælar
Oppgåver

Menneske og samfunn

Lova fortel!

Det stod i lovene at born var born og ikkje skulle reknast som små vaksne. Men borna måtte arbeide frå dei var kring 7 år. Då passa dei kanskje dyra eller mindre søsken.

Frostatingslova sa at når dei vart 8 år var dei "halvrettesmenn". Det tydde at dei kunne ta imot eller måtte betale halv bot dersom dei hadde brote lova. I Gulatingslova stod det 12 år. Mange born i mellomalderen hadde mista ein av foreldra eller var foreldrelause. Når dei var 8 eller 12 år måtte dei ut og livberge seg sjølve.

Det var lov å gifte seg når jentene var 12 år og gutane var 14 år. Men det var nok mest vanleg å vente til dei var minst 15 år.