Kongar i mellomalderen
Borgarkrig
Fredsame tider
Lover
Born i mellomalderen
Lova fortel!
Leiketøy
Svartedauden
Mange pestar
Rike og fattige
Trælar
Oppgåver

Menneske og samfunn

Svartedauden

Til hamna i Bergen kom det inn mange skip med varer, men eitt av skipa som kom i 1349 hadde pest om bord! Det la til kai ein sein sommardag, og mannskapet starta å losse varene. Men dei kom ikkje langt, dei seig saman og var døde.

Pesten spreidde seg raskt. Rottene ombord på skipa hadde lopper. Det var desse loppene som bar smitten. Dei hoppa over på menneska og beit dei. Så vart menneska smitta. Det kunne gå berre nokre timar før den som var biten døydde.

Pesten starta i Kina i 1343. Han kom til Krim ved Svartehavet i 1346. Så spreidde han seg utover Middelhavet og oppover langs kysten av Spania og Frankrike til England og Skandinavia. Til Vestlandet kom han frå England i 1349. I 1350 fòr han over fjellet til Austlandet. Pesten tok altså berre seks år frå Kina til Bergen!