Det er funne musikkinstrument frå denne tida. Det er mellom anna funne
to beinfløyter og ei fløyte av keramikk på Bryggen i Bergen. Fløyter,
horn, munnharpe, sekkepiper og trommer var vanlege instrument i mellomalderen.
Nokre songar frå denne tida er bevarte. På Bryggen i Bergen er det funne
runeinnskrifter som viser at to av dei same songane som vart sunge i Tyskland
også var kjente i Bergen. Vi har også bevart ein bryllaupssong som vart
sungen i Håkonshallen då kong Eirik og dronning Margareta gifta seg i
1281.
Syngjemåten som vart nytta i kyrkjene var lik over heile Vest-Europa,
og vert gjerne kalla gregoriansk song etter namnet på pave Gregor. Nokre
gregorianske songar vart laga særskilt for Noreg.
Vi har bevart mykje av den songen som vart nytta på den store festen
for Heilag-Olav den 29. juli. Vi har også bevart teksten til festen 8.
juli for St. Sunniva, som var skytshelgen for Bergen og Bergen bispedøme.
Sunniva-hymnen som du her kan høyre, vert sungen til ein gregoriansk melodi.
Han som syng heiter Alf Tore Hommedal. Det er Barnas Hus, Bergen kommune,
som har gjort opptaket.