Råstoff
- skinn, hud, lær, pels
- pergament og papir
- horn og bein
- kleber
- treverk - og om primstaven
- meir om primstaven
- stoff

Reiskap
Våpen
Smykke
- ringar
- pilgrimsmerke

Anna utstyr
- keramikk
- miniatyrkrukker
- musikkinstrument og song
- legenda om St.Sunniva på Selje
- spel
- teljepinnar og runepinnar
Oppgåver

Råstoff, reiskap, våpen og smykke

Legenda om St.Sunniva på Selje

St.SunnivaLegenda fortel om den heilage Sunniva som levde i Irland kring 960 etter Kristus. Ho var kongsdotter. Då far hennar døydde, arva ho riket hans. Det gjekk gjetord om Sunniva si sterke tru og venleik.

Ein vill vikinghøvding prøvde på denne tida å herta riket hennar. Ord om Sunniva nådde fram til han og han ville ta henne til kone. Men Sunniva stod imot både lokking og trugsmål. Ho ville heller rømme frå landet enn å bli kone til ein viking. Hun rømde ut på havet med nokre trufaste vener.

Dei tre skipa hennar vart førte mot nord av straum og vind. Dei nådde til sist kysten av Noreg. Men det rauk opp med storm, og båtane kom frå kvarandre. Ein båt dreiv i land ved Kinn i Sogn. Da uveret endeleg la seg, kom Sunniva med restane av følgjet til den aude øya Selje. Der tok dei inn i ei hole i fjellet.

Øya vart nytta som beite for bøndene inne på fastlandet. Det hende at nokre av dyra kom vekk ute på øya. Bøndene mistenkte dei heilage for å stele dyr. På den tida var det Håkon jarl som rådde i Noreg. Dei klaga til Håkon jarl om dette. Han fòr då med hærfolk for å drepe Sunniva og følgjet hennar.

Sunniva såg hærfølgjet kome ute på havet. Dei gjekk inn i hola og bad til Gud og sa at dei heller ville døy enn å falle i hendene på jarlen. Berget rasa då saman over dei og stengde att hola. Da jarlen og mennene hans gjekk i land, fann dei ingen, og dei drog forundra sin veg.

Då Håkon jarl døydde, vart Olav Tryggvasson konge i Noreg. Det hendte no underlege ting på Selja. Nokre kjøpmenn segla ein gong forbi Selje. Då såg dei eit underleg lys over øya. Dei vart nysgjerrige og gjekk i land. Der oppdaget dei at lyset kom frå eit menneskehovud som rørte på seg. Det hadde ein herleg duft. Dei tok hovudet med til kongen som tok vare på det som ein heilagdom.

Seinare drog kong Olav og biskopen i Nidaros til Selje for å granske staden. Då såg dei den samanrasa hola. Der fann dei nokre menneskebein, men kroppen til den heilage Sunniva var heil og uskadd. Dette skal ha skjedd i året 996. Kring år 1100 vart det bygd eit kloster (link til Kloster) her til ære for St. Sunniva.

Alterskåpet med Sunniva-figuren stod i Sandtorv-kyrkja på Austevoll.