Gravskikk
Oppgåver

Gravskikk

 

I mellomalderen var folk i Noreg katolske kristne. I følgje kristendomen skal ein ikkje gravleggje den døde med gåver. Det er fordi dei trur at dei får alt dei treng av Gud i det neste livet. Og dei trur at det neste livet er evig.

Dei døde vart gravlagde på kyrkjegardar. Arkeologane har funne klede som den døde var gravlagd i i slike graver. Ved Guddal kyrkje i Fjaler i Sogn og Fjordane vart det funne tre skjorter, nokre lange kjeppar av lindetre og ein kross av tre.