Litt om gardshusa
Om andre hus
Fjæremannstufter
Stølshus
Hellerar
Oppgåver

Busetnad

Fjæremannstufter

Ytst i havgapet i Øygarden kommune i Hordaland, ligg ei lita øy kalla Hjartøy. Her er det funnet ruinar etter det som vert kalla fjæremannstufter. Kring år 600 etter Kristus vart dei første husa reiste her ute, men det var i vikingtida at husa vart mest brukte. På det meste var det over 70 hus i bruk samstundes. Det er funne fiskekrokar, knivar, fiskesøkke og liknande i husa. Dette var ting dei hadde bruk for når dei fiska.

Slike fiskevær trur arkeologane var eigde av rike og mektige slekter. Kanskje var det stormannsætta på storgarden Herdla som eigde og dreiv fiskeværet på Hjartøy.