Litt om gardshusa
Om andre hus
Fjæremannstufter
Stølshus
Hellerar
Oppgåver

Busetnad

Stølshus

I vikingtida hadde dei eigne hus i fjellet som dei nytta som stølar. Om våren og sommaren tok dei med seg dyra til fjells for å beite akkurat slik som dei gjer det i dag mange stader. Då vart folka med til fjells og budde i stølshusa.

I fjella på Vestlandet finn me mange ruinar etter desse husa. Dei er ofte forma som ein hestesko. Denne ruinen etter stølshus ligg høgt oppe i fjellet inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark i indre Sogn. Arkeologane veit enno ikkje sikkert kva tid denne ruinen er frå.