Auke i folketalet
Kva tyder "viking"?
Vikingskipa
Drap og plyndring
Marknadsplassar
Klede
Kongen
Norske vikingkongar og jarlar
Oppgåver

Menneske og samfunn - kva hende?

Vikingskipa

Vikingskipa hadde god plass til både folk, varer, husdyr og meir til. Dei stakk ikkje djupt ned i vatnet, difor kunne dei legge til land mest kvar det skulle vere. Når Gokstadskipet var fullasta stakk det ikkje meir enn ein meter nedi sjøen.

Dei store flotte skipa som vart bygde i Skandinavia var spesielt gode. Arkeologane trur at dei gode skipa kom som ei overrasking på folk i England og andre stader.

Vikingane kunne reise langt i skipa sine. Me veit at dei var sør til Istanbul og nord til Kvitsjøen, vest til Newfoundland og aust til Novgorod. Dette er store avstandar!