Auke i folketalet
Kva tyder "viking"?
Vikingskipa
Drap og plyndring
Marknadsplassar
Klede
Kongen
Norske vikingkongar og jarlar
Oppgåver

Menneske og samfunn - kva hende?

Drap og plyndring

Den 8. juni i år 793 etter Kristus gjekk norske vikingar til åtak på klosteret på Lindisfarne i England. Historia om dette angrepet vart skrive ned av munkane ved klosteret. Nordmennene plyndra og drap. Nokre vart drepne med sverd, andre vart jaga på havet og drukna. Rikdomane i klosteret tok dei med seg.

I graver frå vikingtida finn me ofte ting som kjem frå utlandet. Nokre av tinga, slik som sverd og glasbeger, kan dei ha kjøpt på ferdene sine, men heilage skrin og heilage bøker er nok røva frå kloster og kyrkjer ill. relikvieskrin.