Auke i folketalet
Kva tyder "viking"?
Vikingskipa
Drap og plyndring
Marknadsplassar
Klede
Kongen
Norske vikingkongar og jarlar
Oppgåver

Menneske og samfunn - kva hende?

Norske vikingkongar og jarlar

(sjå også om mellomalderkongar)

Denne kongesoga startar kring år 850

Halvdan Svarte
Far til Harald Hårfagre.

Harald Hårfagre
Harald Hårfagre vann slaget ved Hafrsfjord mot vestlandshøvdingar i 872. Styrde saman med forbundsfellen Sigurd Ladejarl som regjerte over Trøndelag og Nord-Noreg. Slik kom Harald til å få kontroll over Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Harald døydde av alderdom i 940.

Eirik Blodøks
Eirik Blodøks styrde saman med faren Harald Hårfagre i tre år til faren døydde. Men så måtte han flykte frå brørne sine. Dei ville ha kongemakta sjølv. Han flykta til England og vart konge av Northumbria i England. Eirik fall i eit slag i England like kring år 954.

Håkon den Gode Adelsteinsfostre Haraldson
Håkon den Gode var bror til Eirik Blodøks. Han var den første kongen som prøvde å kristne Noreg. Han organiserte båtforsvaret av landet som er kalla leidang og han organiserte møte der lover kunne bestemmast som vert kalla lagting. Håkon vart såra av sønene til Eirik Blodøks i slag ved Fitjar, og døyde på Håkonshella i år 961. Eiriksønene var støtta av den danske kongen.

Harald Gråfell og andre av Eiriksønene
Danskekongen Harald Blåtann sette Eiriksønene til å styre etter at Håkon den Gode døydde. Desse vart altså underkongar under Harald Blåtann. Men Eiriksønene ville ha meir makt og meir land under seg. Dei gjekk til kamp mot Ladejarlsætta som var mektig på Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Slik trudde dei at dei kunne vinne landet. Danskekongen likte ikkje dette og tok parti for Ladejarlen som så vann over Eiriksønene. Så kalla danskekongen Harald Gråfell til seg i Danmark. Då vart Harald Gråfell drepen i bakhald i Danmark av danskekongen i år 976.

Håkon Sigurdson Ladejarl
No gjekk kongemakta igjen til Ladejarls-ætten. Håkon Jarl vart sett inn som underkonge under danskekongen Harald Blåtann. Men Håkon Jarl vart drepen av sine eigne i 995.

Olav Tryggvason
Det vart sagt at Olav Tryggvason var barnebarns barn av Harald Hårfagre. Det er ikkje sikkert. Han hadde vore i viking å plyndra og røva i England der han som første mann fikk utbetalt 16 000 pund frå kongen der for å slutte å herje og plyndre. Han kom til Noreg og tok makta etter Håkon Jarl. Han styrde landet i berre fem år. Han fall i slaget ved Svolder i år 1000. Slaget stod mellom han og Eirik Ladejarl, svenskekongen Olof Skotkonung og danskekongen Svein Tjugeskjegg.

Eirik og Svein Ladejarl
Dei to jarlane Eirik og Svein blei innsett som underkongar under danskekongen Svein Tjugeskjegg Haraldsson og seinare sonen hans Knut den Mektige. Knut vart konge over England og Skandinavia, difor fekk han tilnamnet "den mektige".

Olav Haraldsson (St.Olav eller Olav den hellige)
Olav Haraldson hadde vore i viking og herja og plyndra i England, Frankrike og Østersjøen! Han kom attende til Noreg med ein liten hær i 1015. Han overtok kongemakta etter jarlane. Han valde å søke støtte hos høvdingar og ikkje hos jarlen eller danskekongen. Det var roleg i landet i omlag 10 år. Men lukka vende seg etter som åra gjekk og Olav fekk bøndene mot seg. Knut den Mektige, kongen over England og Skandinavia kom til Noreg med ein hær i 1028. Då måtte Olav flykte. Han prøvde så å gå inn i Noreg att i 1030. Då samla folket seg i mot han og han fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Denne dagen er seinare feira av kyrkja som Olavsmesse eller Olsok. Etter sin død vart han gravlagd i skrin i Klemetskyrkja i Nidaros. Det vert sagt at håret og skjegget vekste på han etter at han var død. Her ser du en tegning av Olav den Hellige.