Gravgåver
Osebergdronninga
Oppgåver

Gravskikk.

Gravgåver

Mykje tyder på at folk gjennom heile forhistoria har trudd på eit liv etter døden. Dei fekk difor med seg gåver i grava. Dette var gjerne ting som dei trengde i det neste livet. Dei fekk med seg ting som den døde hadde vore knytt til i levande live.

Ein mann i vikingtida kunne få med seg våpen,sverd, spjut, øks og skjold. I tillegg fekk han kan hende ei smykkenål eller ein armring. Arkeologane finn og anna utstyr slik som smedutstyr eller jordbruksutstyr.

I kvinnegravene ligg det ofte fine smykke. Dei har òg fått med seg sakser og nøklar. Dette ser ut til å ha vore viktige saker for ei kvinne å ha!

I vikingtida vart gravene enno finare utstyrte enn dei hadde vore tidlegare i jernalderen! Då fekk dei med seg skip, hestar, senger og elles det meste som trengst for å leve eit godt liv. Men dette var det berre dei aller rikaste som fekk!