Tru
Verda sett med vikingblikk
Gudeslektene
Torshammaren og andre amulettar
Jotnar, diser og alvar
Gudenamn
Hov
Då kristendomen kom
Kongemakta og kristendomen
Oppgåver

Tru.

Gudeslektene

Det fanst to gudeslekter; æser og vaner. Både Tor og Odin var av åseslekt. Dei var svært populære i vikingtid.

Odin Tor Gerd og Frøy Loke

Odin var skaparguden, gud for dikt, magi og visdom, men også dødens herre. Det var heim til hans bustad dei vart frakta dei som fall på slagmarkene. Valkyrjene henta dei. I Odin sin heim Valhall grodde såra deira, og dei fekk servert herleg mat og drikke om kvelden. Om morgonen fekk dei reise i krig att.

Det var Tor som passa på balansen i verda. Han var frukbarheitsguden og hadde ein hammar som sitt merke. Hammaren vart kalla Mjølner, og slo så hardt som Tor ville. Om han kasta hammaren, kom han alltid attende. Med Mjølner styrde Tor over toreveret.

Njord, Frøy og Frøya var av vaneslekt. Dette var frukbarheitsgudar. Frøya hadde med seg to kattar i vogna si når ho var ute. Her ser du Frøy og Gerd.

Den onde Loke var far til Midtgardsormen som passte på jorda og til den ville Fenrisulven som starta jordas undergang, Ragnarok.