Tru
Verda sett med vikingblikk
Gudeslektene
Torshammaren og andre amulettar
Jotnar, diser og alvar
Gudenamn
Hov
Då kristendomen kom
Kongemakta og kristendomen
Oppgåver

Tru.

Torshammaren og andre amulettar

Ein amulett er eit smykke eller ein liten gjenstand som skal verje den som ber det eller har det i lomma mot vonde makter eller mot at skade skal skje med dei.

På Søndre Vik i Fitjar i Hordaland er det funne ein amulett av sølv forma som ein torshammer. Kanskje vart den som gjekk med ein slik hammar kring halsen beskytta av guden Tor.

Det er også funne amulettar av rav og jet. Rav er herda kvae frå nåletre. Jet er ein type steinkol som berre finst i nokre spesielle område. I vikingtida meinte dei at desse materiala hadde eigen kraft, og når dei forma dei til små dyr eller ormar fekk menneska ekstra kraft.

På Voll i Lærdal er det funne ein liten dyrefigur av jet som arkeologane trur vart oppbevart i ein pose. Figuren var svært lik denne som er av rav og funne i Trøndelag.