Tru
Verda sett med vikingblikk
Gudeslektene
Torshammaren og andre amulettar
Jotnar, diser og alvar
Gudenamn
Hov
Då kristendomen kom
Kongemakta og kristendomen
Oppgåver

Tru.

Kongemakta og kristendomen

Kampen om kongemakta i Noreg var også ein kamp for å kristne landet. Tre av kongane frå vikingtida dreiv med kristning medan dei forsøkte å vinne makta. Det var Håkon den Gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldson.

Håkon den Gode vaks opp hos den engelske kongen. Då han hadde fått støtte hos stormenn og høvdingar, sende han bod til England etter ein biskop og nokre prestar så dei nye frendane hans kunne verte omvende. Slik kan ein seie at Håkon den Gode byrja kristninga av landet blant dei rike og mektige.

Olav Tryggvason let seg døype då han var i viking i Frankrike saman med kongen av England. Før meinte dei at Olav Tryggvason var han som var viktigast for kristninga. Men forskarar innan arkeologi, historie og religion trur ikkje ein konge kan ha klart dette åleine.

Olav Haraldson vert kalla St. Olav. Han innførte kristenretten i Gulatingslova og i Frostatingslova. Slik var det at Noreg også i lova vart kristna.