Om hus og busetnad
Skrivarhelleren
Oppgåver

Busetnad

Om hus og busetnad

I yngre steinalder slo folk seg ned på dei same plassane som i eldre steinalder, og dei hadde same typen hus. Dei hadde telt å bu i som tidlegare, men òg små hytter og etterkvart små langhus.

Husa var laga av ulike materialar som det var lett å få tak i. Skinn og huder, torv, stein, einerkvistar og anna slags tre kan brukast til å lage ein fin bustad.

Framleis budde dei på fiskerike stader langs kysten, men også i høgfjellet finn me spor etter folk. Dyregraver og leidegjerde frå denne tida fortel om ei intens utnytting av viltet i høgfjellet.