Om hus og busetnad
Skrivarhelleren
Oppgåver

Busetnad

Skrivarhelleren

Høgt oppe i fjella over bygda Årdal i Sogn og Fjordane ligg ein heller. Skrivarhelleren vert han kalla. Sjølv på ein varm sommardag er han kald og gufsen fordi den kalde nordavinden bles rett inn.

Inn her kjem aldri sola! Inne i helleren er det spor etter folk som har budd der både frå slutten av yngre steinalder, bronsealder og eldre jernalder. I hellerar er det vanleg å finne mykje organisk materiale, og slik var det også her.

Her var mange ting av bein. Det vart funne ei skifersmykke, flintspissar, øks av stein, nokre beinspissar og restar av bronse. Helleren vart brukt som ei slags seter. Heime på garden var det ikkje nok mat til dyra heile året, derfor måtte dei reise til fjells om sommaren for at dyra skulle få nytt friskt beite.