Jordbruk
Kvifor starta dei med dyrking?
Husdyr i yngre steinalder
Kva nytte hadde dei av husdyra?
Kvar kom husdyra frå?
Kva åt dei?
Om graut og brød
Tørka eple
Katten
Oppgåver

Kva levde dei av?

Jordbruk

I yngre steinalder byrja dei med ein ny måte å skaffe seg mat på. Dei tok til å dyrke jorda og halde husdyr. Men dei dreiv framleis på med jakt og fiske attåt. Det å gå over til ein ny måte å skaffa seg mat på, førde etter kvart til store endringar i samfunnet.

Denne endringa tok lang tid. Dei første spora etter jordbruk finn me kring 4000 år før Kristus, men ikkje før kring 1800 år før Kristus var jordbruket ein viktig del av dagleglivet. Det er jo ikkje så veldig raskt, synest du vel?