Jordbruk
Kvifor starta dei med dyrking?
Husdyr i yngre steinalder
Kva nytte hadde dei av husdyra?
Kvar kom husdyra frå?
Kva åt dei?
Om graut og brød
Tørka eple
Katten
Oppgåver

Kva levde dei av?

Kvifor starta dei med dyrking?

Me veit ikkje kvifor dei starta med jordbruk, men ein grunn var kanskje at dei då kunne vere meir sikre på at dei hadde nok mat til vinteren om dei dyrka han sjølv.

Men dersom du bur på ein gard, så veit du at det ikkje berre er å legge såkorn i jorda så veks kornet av seg sjølv. Det er eit tungt og vanskeleg arbeid om du skal få godt resultat. Og av og til slår avlinga feil og dyra vert sjuke. Slik var det før også. Det var nok derfor dei heldt fram med jakt og fiske. Dei ville ikkje risikere å svelte dersom avlinga slo feil eller kua døydde.