Jordbruk
Kvifor starta dei med dyrking?
Husdyr i yngre steinalder
Kva nytte hadde dei av husdyra?
Kvar kom husdyra frå?
Kva åt dei?
Om graut og brød
Tørka eple
Katten
Oppgåver

Kva levde dei av?

Husdyr i yngre steinalder

Kva slags husdyr hadde dei i yngre steinalder? Dei hadde sjølvsagt hund. Elles hadde dei no fått ku, sau, gris og geit. Det aller første sporet me har til no av sau her på Vestlandet er ein sauelort som vart funnen på Kollsnes i Øygarden i Hordaland. Synest du ikkje det er rimeleg å tru at når me finn lorten så har sauen vore her også?