Jordbruk
Kvifor starta dei med dyrking?
Husdyr i yngre steinalder
Kva nytte hadde dei av husdyra?
Kvar kom husdyra frå?
Kva åt dei?
Om graut og brød
Tørka eple
Katten
Oppgåver

Kva levde dei av?

Kva åt dei?

Alle fiske- og dyreslaga som me fann i eldre steinalder var også nytta i yngre steinalder. Fangst og fiske og elles kva folk fann i naturen var framleis den viktigaste matkjelda.

I byrjinga åt dei helst berre kjøttet frå kua, men etter kvart drakk dei mjølk òg. Av mjølk laga dei ost og andre ting. Kanskje lærte dei seg alt no kunsten å lage yoghurt?

Dei hadde mange slags krydder å ta av. Oregano, som me brukar til pizzakrydder, karve og timian veks vilt her på Vestlandet. Det kunne setje ein spiss på eit måltid. Saltet fekk dei frå havet.

Til dessert hadde dei kanskje villeple, markjordbær og villbringebær. Dersom du har ete markjordbær veit du kor søte og gode dei kan vere.