Jordbruk
Kvifor starta dei med dyrking?
Husdyr i yngre steinalder
Kva nytte hadde dei av husdyra?
Kvar kom husdyra frå?
Kva åt dei?
Om graut og brød
Tørka eple
Katten
Oppgåver

Kva levde dei av?

Om graut og brød

Dei første kornsortane som vart dyrka her i landet var bygg og kveite. Det vart dyrka to ulike typar kveite. Det var emmerkveite og spelt. Dette er kornslag som ikkje lenger er i bruk. Byggen som vart dyrka kallast nakenbygg. Av kornet kunne dei lage graut, brød og øl.

Me kjenner ikkje oppskrifta dei nytta til å bake brød. Me veit heller ikkje om dei nytta gjær til baking. Kanskje likna ikkje brødet deira på det som du har i matpakka di. Det var kanskje meir likt pitabrød eller tortillas.