Korleis såg menneska ut?
Hjernekirurgar i steinalderen
Øtzi - mannen frå Alpane
Skinnarbeid
Klede i yngre steinalder
Båten
Oppgåver

Menneske og samfunn

Øtzi - mannen frå Alpane

Me skal ta ein tur til høgfjellet mellom Austerrike og Italia. For nokre år sidan, i 1991, fann to turistar ein død mann høgt oppe i fjellet! Dei trudde det var ein annan turgåar som nettopp hadde mist livet. Det er rett at han var turgåar, men han døydde 3200 år før Kristus. Forskarane har døypt han for Øtzi. Området han vart funnen i heiter Øtztal.

Øtzi kom frå Italia, og skulle krysse Alpane til fots. Berre åtte timar etter at han forlét dei solfylte og varme åssidene i låglandet møtte han døden i høgfjellet. Han vart truleg overraska av uvêr og fraus i hel.

Øtzi var ein liten mann, berre 158 cm høg. Han hadde tatoveringar på ryggen og på beina. Han hadde med seg pil og boge, og ved sida av han låg ei kopparøks. Skorne var fôra med gras for at han ikkje skulle fryse på føtene. Han hadde med seg ulike behaldarar laga av bark, og alle pilene var framleis skjefta.

Han hadde fine klede. Sko og lange strømper var sydd av skinn, ei lang skjorte som var sydd av lange skinnremser, ei lang utanpåkappe var laga av tjukt siv og på hovudet hadde han ei lue av bjørneskinn. Rundt livet hadde han ei lita veske, akkurat maken til mageveskene du kan kjøpe i dag.

Forskarar har analysert mageinnhaldet hans. Det siste han åt var brød av kveite, litt kjøtt og grønsaker.