Korleis såg menneska ut?
Hjernekirurgar i steinalderen
Øtzi - mannen frå Alpane
Skinnarbeid
Klede i yngre steinalder
Båten
Oppgåver

Menneske og samfunn

Skinnarbeid

Folk brukte dyreskinn til klede og telt både i eldre og yngre steinalder. Det var mykje arbeid med å lage klede av skinn. Først og fremst var det viktig å få skinnet heilt reint for blod og feitt. På innsida av skinnet ligg det nemleg eit feittlag, og det må vekk. Dersom det ligg att noko feitt så harsknar det etter kvart, skinnet vert stivt, og det luktar ikkje godt! Til slikt arbeid nytta folk i steinalderen ein skrapar. Det var flint eller ein annan hard, kvass stein som var eigna til å skrape vekk feittet med.