Råstoff i yngre steinalder
- skifer
- ryolitt
- Siggjo

Jordruksredskaper

- skaftholøks og hakker
- ard
- sigdar.

Våpen i yngre steinalder

- dolkar
Smykker i yngre steinalder

- ravsmykket frå Herøy
- knappane på Bremangerlandet
- hengesmykket frå Herøy

Keramikk

Sjå teknologi

Oppgåver

Råstoff, reiskap, våpen og smykke

Våpen i yngre steinalder

På same vis som i eldre steinalder hadde folk i denne tida mange slags reiskapar som kunne nyttast i strid. Dei hadde pil og boge, spyd med flintspiss, knivar, dolkar og økser som kunne nyttast like godt i strid som til arbeid.

I yngre steinalder fanst det ein særskilt øksetype som arkeologane kallar for båtøks fordi ho liknar på ein båt. Slike økser vart før kalla stridsøks, men det er ikkje særleg truleg at dei vart nytta i strid. Helst var dette økser som eigaren var stolt av å syne fram til andre, øksa var eit statussymbol. Det er funne mange slike økser på Vestlandet.