Råstoff i yngre steinalder
- skifer
- ryolitt
- Siggjo

Jordruksredskaper

- skaftholøks og hakker
- ard
- sigdar.

Våpen i yngre steinalder

- dolkar
Smykker i yngre steinalder

- ravsmykket frå Herøy
- knappane på Bremangerlandet
- hengesmykket frå Herøy

Keramikk

Sjå teknologi

Oppgåver

Råstoff, reiskap, våpen og smykke

Keramikk

I yngre steinalder lærte dei seg å lage keramikk. Kunnskapen om korleis ein laga keramikk kom frå utlandet. Dei første som tok i bruk keramikk var dei jordbrukande folka i sør.

Her hos oss er det sjeldan å finne keramikk. Det gjer det spanande å finne. Ein litt dum ting er at alt me finn er slått i stykke. Det gjer at det ikkje er lett å seie korleis krukkene har sett ut.

Nokre av brota me finn har liner og strekar på seg som dannar fine mønster. Enkelte trur at desse mønstra kan bety noko, men kva det er veit me ikkje. Me kan berre gjette. Men me veit at dersom du skal setje krukker rett inn i elden, er strekar i overflata med på å gjere slik at krukkene ikkje sprekk.

Kanskje var mønstra også ei bøn til gudane slik at krukka ikkje skulle sprekke eller slik at maten skulle bli god? Enkelte trur at dei ulike motiva på krukkene kan vere familiemønster som kvinnene arva frå familien sin.