Litt om gravlegging
Ravknappar på Bremangerlandet
Gravene i Ruskeneshelleren
Holmefjordmannen
Oppgåver

Gravskikk

Litt om gravlegging

Dersom du har vore i Danmark nokon gong, har du kanskje lagt merke til store steinar som ligg oppå kvarandre ute på ein åker? Det er ei grav som arkeologane kallar ei dysse. Det er fire store steinar som står oppreiste nesten som bordbein. Oppå dei ligg ei stor helle som eit slags tak

I Noreg finn me ikkje så store og prangande gravkammer, men me har funne fleire skjelett inne i hellerar. Blandt eldstader og soveplassar finn me restar etter graver. Det hender òg at me finn restar etter slike graver midt på buplassen.