Litt om gravlegging
Ravknappar på Bremangerlandet
Gravene i Ruskeneshelleren
Holmefjordmannen
Oppgåver

Gravskikk

Ravknappar på Bremangerlandet

I Skatestraumen i Bremanger i Sogn og Fjordane vart det under ei arkeologisk undersøking av ein stor buplass oppdaga noko så sjeldan som runde, små knappar laga av rav. Det var omlag 80 av dei! Rav finst ikkje her på våre kantar. Me må til Danmark og dei baltiske landa for å få tak i det.

Mest truleg var det ein grav som låg på sjølve buplassen. Arkeologane fann ikkje skjelettet etter den døde, det var nok tæra vekk av den sure jorda. Berre knappane låg att. Kanskje hadde knappane vore festa på kleda eller på ei kappe.

ravknapper fra Sventoji, Litauen

Copyright: Litauens Nasjonalmuseum