Litt om gravlegging
Ravknappar på Bremangerlandet
Gravene i Ruskeneshelleren
Holmefjordmannen
Oppgåver

Gravskikk

Holmefjordmannen

Ein dag grov ein bonde i Holmefjord i Fusa i Hordaland i ein heller. Plutseleg kom det fram beinrestar. Det synte seg at det var delar av eit skjelett.

Skjelettet stammar frå ein mann i 30-åra som hadde levd kring 2000 år før Kristus. Dei som undersøkte han kunne seie at han hadde hatt vond rygg og at han hadde fått ein stygg skade ein gong, truleg eit stikk eller eit slag. Han døydde ikkje av denne skaden, men kva han døydde av veit me ikkje.