Tru i yngre steinalder
Offerfunn i yngre steinalder
Flintskiver frå yngre steinalder
Oppgåver

Tru i fortida

Tru i yngre steinalder

Me trur at folka som budde her i yngre steinalder hadde kontakt med andre folkegrupper i Danmark og kanskje lenger sør òg. Av desse lærte dei mange nye ting. Mellom anna ser me at etterkvart endra trua deira seg.

Som du veit, finst det ingen bøker frå denne tida. Det er litt dumt når me skal prøve å finne ut kva folk trudde på. Men det som best kan fortelje oss om trua er bergbileta og offerfunna.