Tru i yngre steinalder
Offerfunn i yngre steinalder
Flintskiver frå yngre steinalder
Oppgåver

Tru i fortida

Flintskiver frå yngre steinalder

Av og til finn arkeologane ei samling med flate flintstykke som er slått av ein større klump. Slike vert kalla flintskiver. Dei kan vere opp til 10 cm i diameter. På garden Kvamme i Sande på Sunnmøre vart det funne heile 576 stykke. Desse var laga av fin flint frå Danmark. Dette må ha vore ein heil rikdom på den tida.

Me veit ikkje heilt kva dette funnet betyr, men arkeologane trur det er eit offer.

Nokre av flintskivene har spor etter litt slitasje, så dei har vore brukte til noko. Kanskje skar folk i kjøt eller liknande med nokre av skivene. Kanskje var det mat til eit måltid med gudane.